Restaurantar

Nyt eit godt måltid med fantastisk natur rundt deg.

Restaurantar

Nyt eit godt måltid med fantastisk natur rundt deg.

Strandafjellet har tre Restaurantar, Fjord Panorama, Furset Café og ikkje minst Stova. I tillegg har vi Stranda Hotel med Restaurant ANNA og Lobbybar 1917 med forkjærlighet for lokalt øl! Vår nyoppusset bar Lokalet blir åpen med underholdning lørdagskveldene!

Fjord Panorama Restaurant

Vår Fjord panorama restaurant byr på majestetisk utsikt, og ein gastronomisk ambisiøs meny samansett av lokale råvarer av god kvalitet. Vi satsar på rettar som heimelaga gulasjsuppe med brød frå lokale bakarar, saftig høgryggsburger, spekeskinke, surra ørret og vår eigen fjellskav laget av lokale lam. Vi tilbyr fleire ulike lokale ølsortar, økologisk juice og mineralvatn, vin og kaffi. Med gode smakar servert av trivelege vertar ønskjer vi å gi deg det lille ekstra som gjer at din dag på Strandafjellet blir ei flott oppleving!

Stova

Stova ligg i hjartet av Strandafjellet, tett på barneområdet og påstiginga til Fursetheisa. Her får du servert enkle rettar med heimelaga pizza og fiskesuppe i spissen, i tillegg får du kioskvarer og fleire ulike typar kald og varm drikke. På Stova kan du ete matpakke din. Når heisa stoppar på laurdagar, gjer vi Stova om til vår populære AFTERSKI frå klokka 16.00 -20.00 Her er det garantert glede og god stemning! Utvalte fredagar riggar vi til Familietaco. Facebook/strandastova side for å halde deg oppdatert.

Furset Café

På toppen av stolheisa på Fursetsida finn du vår mest intime serveringsplass med koseleg kaféstemning. Her kan du nyte ein god kaffi, varm kakao, brus, øl eller vin, samt vår oppvarma krydra øl eller prøve ut vår glüwine. Vi serverar nysteikte bollar, muffins, sveler, vaflar m.m. Spekemat frå skinkehovudstaden Stranda, gode pølser, supper og risgraut høyrer og til på menyen! Vi byr på personleg service og matglede på vår koselege fjellkafé – velkommen heim til oss på Furset Café!

Restaurant ANNA på Stranda Hotel

I hjartet av Storfjorden, ved foten av fjelltoppane rundt Stranda, finn du vår restaurant der vi stolt og med omhu lagar mat av lokale råvarer. Vi tilbyr ein à la Carte meny med variasjon laget av lokale råvarer. I restauranten har vi og eit stort utval av lokale ølsortar, ulike typar cider, og sjølvsagt mykje god vin. Vi legg og vekt på å ha gode alkoholfrie alternativ som står til maten, om du ønsker det.

God mat og drikke utgjer mange det lille ekstra i kvardagen eller på ferie. Vi ønsker å gi alle som legg turen innom oss akkurat dette.

Bar 1917 på Stranda Hotel

I vår lobbybar finn du noko for ein kvar smak. Lokale ølsortar, -omtrent 60 i talet, norsk cider, fat modna akevitt, norsk gin, whisky og eit godt utval av alkoholfrie øl. I tillegg har vi lokal juice og mineralvatn. I våre drinkar nyttar vi mellom anna sirup og saft der ingrediensane er hausta frå naturen rundt Stranda og tillaga på vårt kjøkken. Smaken er nær og god!

Vi tilbyr og sjokolade frå Geiranger, muffins, kaffi og heimelaga fjellte i tillegg til kioskvarer. Lobbyen er og plassen for god steming og ikkje minst eit godt utvalg pizza til alle døgnets tider. Eiga TV-stove, speisestue og tilgang til avis og nett finn du og. Velkommen skal du vere.

Lokalet Bar på Stranda Hotel

På utvalgte dager opnar oss vår festlokal og bar på hotellet, med live underholdning og et godt utvalg av fatøl, drinker og alkoholfrie alternativ. Se program på Facebook.

Våre samarbeidspartnere