Barneområde

Vi har fleire skitrekk tilpassa ulike nivå.

Gratis skitrekk for dei minste

Er den yngste klar for å prøve seg på ski? Eller skal de prøve ski eller snowboard for første gong? I Labb og Line barnepark har vi eit 150 meter langt koppetrekk, som har ei helling på berre sju grader – perfekt for både dei yngste og nybegynnarar.

Etter nokre turar i bakken kan de kose dykk ved bålpanna, der de kan grille og nyte utsikta.

labboglineRawReklameOgFoto_paÌŠske15_mandag-7130.jpg

Gratis sesongkort til alle 4. klassingar

Skikøyring er ein kjekk aktivitet for heile familien. Vi tilbyr derfor gratis sesongkort for vintersesongen til alle 4. klassingar. Vi håpar å sjå mange små og store i bakkane!

Du kan hente sesongkortet på Strandafjellet skisenter. Hugs gyldig legitimasjon, for eksempel pass eller fødselsattest.

70 26 90 00 / booking@strandafjellet.no


Våre samarbeidspartnere